A Travellerspoint blog

Alle kan gjere litt (Leiar i Hallingdølen, 08.09.16)

«Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt». Det er mottoet til sjukepleiar Lene Tollefsen Rodegård (26) frå Nesbyen. I helga arrangerte ho nok ein konsert der inntektene gjekk til barneheimsbygging i Zimbabwe.

Det starta for fire år sidan. Tollefsen Rodegård som var sjukepleiarstudent skulle ha praksis ved eit sjukehus i Zimbabwe. Eit land som eingong var Afrikas rikaste, men som på grunn av politisk vanstyre er vorte til eitt av dei fattigaste. Over 70 prosent av landets 15 millionar innbyggarar lever under fattigdomsgrensa.

Den unge sjukepleiarstudenten fekk sans for landet. På god og vondt. Størst inntrykk gjorde dei mange fattige gatebarna. Foreldrelause barn som budde under plastikkposar på gata. «Eg kan ikkje redde alle gatebarna, men eg kan iallfall gjere litt», tenkte Tollefsen Rodegård som reiste heim og arrangerte kyrkjekonsert i Nes kyrkje. Alle inntektene gjekk til Midlands Children Hope Project og til bygging av ein ny barneheim. Eit prosjekt som også blir støtta av den kjende irske rockeartisten Bono.

I helga arrangerte Tollefsen Rodegård den fjerde «barneheims-konserten» i Nesbyen. Og nesningane stilte som alltid opp. Både på konserten og dei andre innsamlingsarrangementa. I tillegg har det strøymt på med pengegåver frå både privatpersonar og lokale lag. Over 600.000 kroner har Tollefsen Rodegård samla inn i heimkommunen desse åra. For pengane er det blitt reist eit nytt barneheims-bygg med plass til 10 gatebarn i byen Gweru. Bygget har fått namnet «Nesbyen». Men målet til Midlands Children Hope Project og Tollefsen Rodegård er seks bygg med plass til 60 gatebarn.

Dette er ei solskinshistorie. Det er ei historie om kva ungt og brennande engasjement kan utløyse av gode krefter og konkrete resultat. I dette tilfellet av gode krefter i ein heil kommune. Dei mange arrangementa har gitt nesningane eigarskap til barneheimsprosjektet.

Sjølvsagt løyser ikkje pengane frå Nes fattigdomsproblema i Zimbabwe. I så måte er det som ein drope i havet. Men pengebidraga er likefullt viktige. Gatebarn i Gweru får eit nytt og fullverdig liv, og ikkje minst – tryggleik. Dette har ein verdi som ikkje kan målast i kroner og øre. Dessutan – i kampen mot fattigdom kan «alle gjere litt». I så måte har Tollfesen Rodegård gått føre som eit godt eksempel. Eit føredøme me andre bør bli inspirert av.

Posted by timeforafrica 07:40 Comments (0)

Konsert gjorde barneheim ferdig (Hallingdølen, 06.09.16)

Andeløp og velgjerdskonsertar i Nes har resultert i ein barneheim for ti gatebarn i Zimbabwe. Lene Tollefsen Rodegård gir seg ikkje med det

Suksess: Tonje Bentehaugen har laga Nesbyen-skiltet som snart vil bli montert på den første ferdigstilte barneheimen i Zimbabwe. Lene Tollefsen Rodegård held i både prosjektet og mikrofonen. (Foto: Lars Olav Renslo)

Suksess: Tonje Bentehaugen har laga Nesbyen-skiltet som snart vil bli montert på den første ferdigstilte barneheimen i Zimbabwe. Lene Tollefsen Rodegård held i både prosjektet og mikrofonen. (Foto: Lars Olav Renslo)

«Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt». Dette er mottoet til sjukepleiar Lene Rodegård Tollefsen som for fjerde gong arrangerte konsert i heimbygda i helga (sjå eigen sak). Inntektene går uavkorta til Midlands Children Hope Project. I helga kom det inn over 140.000 kroner.

– Med pengane frå folk i Nes har me bygt ein heil barneheim, seier ho, entusiastisk. Den første barneheimen får også namnet «Nesbyen».

Barneheim i Zimbabwe
Ho sit sjølv i styret for prosjektet. Målet er å reise seks bygg for å gi husly for kring 60 gatebarn i byen Gweru i Zimbabwe.

Landet, som ein gong var eit av Afrikas rikaste, har store utfordringar etter mange år med vanstyre. Av 15 millionar menneske lever 72 prosent under nasjonal fattigdomsgrense. 25 prosent lever i slummen, viser tal frå FN-sambandet.

Til ein pris på kring 600.000 kroner kan ein få reist eit bygg med plass til ti born. På fire år har givarlystne nesningar gjort nettopp dette.

– Eg er veldig fornøgd og takksam for at folk stiller opp, år etter år.

Det stoppar ikkje med dette. Neste år er det femårsjubileum.
Rekord: Det vart samla inn vel 140.000 kroner på Nes i helga. Pengane går til Midlands Children Hope Project. Frå høgre, konferansier Jan-Eirik «Jansen» Thorberg, Anja Tollefsen Rodegård, initiativtakar Lene Tollefsen Rodegård og Elisabet Lerskallen.

Rekord: Det vart samla inn vel 140.000 kroner på Nes i helga. Pengane går til Midlands Children Hope Project. Frå høgre, konferansier Jan-Eirik «Jansen» Thorberg, Anja Tollefsen Rodegård, initiativtakar Lene Tollefsen Rodegård og Elisabet Lerskallen.

Tilfeldig engasjement
Det er litt tilfeldig. Sjukepleiaren skulle eigentleg til New York, men før ho kom så langt snubla ho over frivillig arbeid på ein sjukehus i Zimbabwe.

– Å redde helsevesenet var litt ambisiøst, men så såg eg ein barneheim og alt det eg kunne gjere med berre 10.000 kroner, seier ho.

Det vart starten på eit nytt kapittel.

– Eg hadde aldri sett for meg at eg skulle drive med dette, seier ho som no også har ein bachelor i Afrika-studiar på CV-en.

Passerte på ny hundre tusen
Etter fire år med konsertar i heimbygda begynner det å gå på skjener. Alle som er med stiller opp gratis.

– Eg er ikkje like stressa som før. Det går meir av seg sjølv no.

Sundag gjekk med til å skysse artistar heim, og telje pengar. Eit overslag synte vel 140.000 kroner. Det inkluderer blant anna 57.000 kroner frå andeløpet i Rukkedøla, 20.000 kroner i gåve frå Lions club, 10.000 kroner i gåve frå Nes kommune og 15.000 kroner i billettinntekter frå hundre betalande på konserten. I tillegg resulterte ein konsert i samband med Per Arne Mathismoen sitt 50-årslag i ei gåve på vel 21.000 kroner. Til saman gir det vel 160.000 kroner frå Nes, på få veker.

– Det er sinnssjukt. Neste år, når me har femårsjubileum, håpar me på full sal, seier ho og minner om kor lett det eigentleg er å gjere ein skilnad.

– Eg får det ikkje verre av å gi 200 kroner i månaden. Det er eigentleg det nesningane har gjort.

I månadsskiftet september/oktober reiser Lene Tollefsen Rodegård på ny til Zimbabwe, denne gongen saman med «Ingeniører uten grenser». Ein går snart i gang med planar om å starte på hus nummer to.

Snart vil Nesbyen-skiltet også kome på plass. Med Nesbyen- namnet i Zimbabwe, kan det kanskje også bli nye varmerekordar.

==For full musikk til halv sal==
Dei fekk mykje for pengane dei kring hundre som hadde benka seg i Kulturhuset Banken på Nes laurdag.

Maintime: (f.v. Magnus Hanserud, Monika Engeseth, Sarah Sandanbråten og Emilia Brekke Everett) leverte godt under konserten til inntekt for prosjektet som byggjer barneheimar i Zimbabwe.

Maintime: (f.v. Magnus Hanserud, Monika Engeseth, Sarah Sandanbråten og Emilia Brekke Everett) leverte godt under konserten til inntekt for prosjektet som byggjer barneheimar i Zimbabwe.


Jimu Makurumbandi frå Zimbabwe var ein av mange som ville bidra.

– Kva er oddsen for at nokon på Nes skulle samle inn pengar for å gjere noko for mitt heimland, seier Makurumbandi. Det er ikkje lenge sidan han starta som danselærar i den lokale kulturskulen. Han prøvde å få både litt takt og tone inn i publikum, med tradisjonell dans, Mbira-orgel og song.
Lokale rytmar: Jimu Makurumbandi er danselærar i nes kommune. Han ville gjerne også bidra og stilte med tradisjonsmusikk frå heimlandet Zimbabwe

Lokale rytmar: Jimu Makurumbandi er danselærar i nes kommune. Han ville gjerne også bidra og stilte med tradisjonsmusikk frå heimlandet Zimbabwe

Musikkinnslaga kom elles som perler på ei snor. Målfrid Breivik og Kikkan Haraldset var dei som opna ballet, med både eminent gitarspel, humor og sjølvskrive musikk.

Anita Kleppen Nilsen framførte «Shelter», ein sjølvskrive song som handlar om å gjere livet for andre betre.

– Eg veit ikkje om eg skal kalle henne jente eller dame. For meg er ho ein engel, sa konferansier Jan-Eirik Thorberg etterpå – for høvet under artistnamnet «Jansen».

Jens Bredberg, ein svensk singer/songwriter, utleverte sitt eige kjærleiksliv.

– Ein gong vart eg dumpa så hardt at eg begynte med musikk, sa han før han serverte den eine melankolien etter den andre.

Elisabet Lerskallen akkompagnerte på piano for Anja Tollefsen Rodegård med song, før bandet Maintime leverte det eine glansnummeret etter det andre. Vokalist Monika Engeseth er eit fyrverkeri på scena, men bandet er ikkje mindre spennande.

– Dette er eit fantastisk arrangement, sa bassist og korist Emilia Brekke Everett, med rette, ikkje minst på grunn av Maintime sitt bidrag.

Ein kan ta med at han som toppa konsertplakaten, rap-artisten Kristian «Sirius» Rønning, til slutt gjorde det han kunne for å løfte taket. Publikum var med, så godt dei kunne, om enn ikkje på tekstane.
Rappa gratis: Sirius, rap-artisten frå Larvik stilte også opp gratis.

Rappa gratis: Sirius, rap-artisten frå Larvik stilte også opp gratis.

Finalen var det Jenny Strandheim som stod for. Åttandeklassingen skreiv i fjor ei låt i høve FN-dagen. Laurdag vart det ein lokal miniatyrvariant av «We Are the World» og «foreinte artistar» når fleire av dei andre bidragsytarane song i lag med henne.
Saman for barneheim: «Foreinte artistar» til inntekt for Midlands Children Hope Project. Jenny Strandheim (i midten) framfører ein sjølvlaga song, med støtte frå ei rekkje andre. (Foto: Tore Haraldset)

Saman for barneheim: «Foreinte artistar» til inntekt for Midlands Children Hope Project. Jenny Strandheim (i midten) framfører ein sjølvlaga song, med støtte frå ei rekkje andre. (Foto: Tore Haraldset)

Posted by timeforafrica 12:52 Comments (0)

Ny haust - ny innsamling (Hallingdølen, 01.09.16)

På tre år har Nes bidrege med ein halv million kroner til barneheimsborn i Zimbabwe.

Innsamling: Laurdag er det igjen klart for Nesbyen Gir Tilbake. Då blir det andeløp og liv og røre i sentrum.

Innsamling: Laurdag er det igjen klart for Nesbyen Gir Tilbake. Då blir det andeløp og liv og røre i sentrum.


Laurdag er det nye sjansar for givarglade nesningar.

Då er Lene Tollefsen Rodegård og laget hennar klare med nye arrangement i flaumsikringsparken på dagtid med andeløp, hesteriding og salsbuer. Om kvelden er det konsert Kulturhuset Banken med artistane Anita Kleppen Nilsen, Anja Tollefsen Rodegård, Jens Bredberg, Sirius, Maintime og Rubber & Soul.

Innsamlinga har alt fått ein godt start også denne hausten. Gåver frå Per Arne Mathismoens 50 årslag i kulturhuset forrige helg går til barneheimen i Gweru i Zimbabwe. Prosjektet fekk også inntektene frå parkeringa under Kjerringtorget.

Posted by timeforafrica 01:24 Comments (0)

Andeløp gav klingane mynt, (Hallingdølen 15.09.15)

Nesbyen gir pengar så det monnar til gateborn og barneheim i Zimbabwe.

Stemning: Mykje folk hadde møtt opp då Lene Tollefsen Rodegård & co arrangerte "Nesbyen Gir Tilbake". Andeløpet var dagens høgdepunkt

Stemning: Mykje folk hadde møtt opp då Lene Tollefsen Rodegård & co arrangerte "Nesbyen Gir Tilbake". Andeløpet var dagens høgdepunkt

Ei førebels oppteljing frå sist vekes innsamlingsaksjonar viser 100.000 kroner.

– Til saman i Nes har me samla inn 450.000 kroner dei siste tre åra, seier Lene Tollefsen Rodegård.

Andeløp

Laurdag arrangerte ho saman med støttespelarane i Midlands Children Hope Project andeløp og konsertar.

I flaumsikringsparken laurdag føremiddag hadde mange møtt fram for å støtte arbeidet med barneheimsutbygginga som nesningsjenta arbeider med. Dagens høgdepunkt var i år som i fjor andeløpet der 999 badeender segla om kapp nedover Rukkedøla. Ikkje ein openberr publikumsøving, men ein spennande konkurranse vart det med stadige skifte i teten med engasjert publikum på begge langs elva.

God butikk

Og endane er også butikk.

Før løpet var 747 lodd var selt. Med andre ord: 74.700 kroner inn i kassa. I tillegg delte Lions ut ein sjekk på 20.000 kroner.

– No trur eg faktisk me skal klare å slå fjorårets sum på 118.000, seier Lene Tollefsen Rodegård.

Pengane går til å bygge ut barneheimen i byen Gweru ytterlegare. I august stod endeleg det fyrste bygget klart etter lang tid kamp. Det vart bygd av pengar samla inn i Nesbyen. No har nesningane bidrege meir.

Posted by timeforafrica 10:30 Comments (0)

I gang att for barneheim (Hallingdølen, 10.09.15)

Laurdag fyller 1000 badeender Rukkedøla. Dei kappseglar for barneheimsbarn i Zimbabwe.

AR-150919959.jpg&MaxW=Innsamling: I fjor vart det samla inn 118.000 kroner under arrangementet i Nesbyen. I år er ikkje målet noko mindre.

AR-150919959.jpg&MaxW=Innsamling: I fjor vart det samla inn 118.000 kroner under arrangementet i Nesbyen. I år er ikkje målet noko mindre.


Og då er det sjølvsagt Lene Tollefsen Rodegård som står bak.

Det er andre året ho står i spissen for arrangementet «Nesbyen gir tilbake» i den nye flaumsikringsparken ved Hajembrua. I fjor vart det samla inn 118.000 kroner. Målet er ikkje noko mindre i år.

– Uverkeleg

Pengane givarglade nesningar har bidrege med, kjem til nytte.

I slutten av august opna det fyrste av husa på barneheimen som Midlands Children Hope Project driv i byen Gweru. Det var ein stor dag for prosjektkoordinatoren frå Nes.

– Det er uverkeleg å tenkje på at me på berre sju veker faktisk har klart å bygge det fyrste barneheimsbygget, seier Rodegård.
V1-150919959.jpg&MaxW=Barneheimen: Det fyrste huset er bygd og opna i Zimbabwe. No startar arbeidet for å finansiere hus nummer to.

V1-150919959.jpg&MaxW=Barneheimen: Det fyrste huset er bygd og opna i Zimbabwe. No startar arbeidet for å finansiere hus nummer to.

Prosjektet har møtt motstand på vegen. Men då vart oppturen no desto større. Mykje av pengane har Rodegård samla inn i heimbygda.

– Nesbyen og nesningane har verkeleg vore av dei store bidragsytarane. Dette hadde ikkje vore mogleg utan dei.
Står på: Lene Tollefsen Rodegård arbeider for gateborn i Zimbabwe..

Står på: Lene Tollefsen Rodegård arbeider for gateborn i Zimbabwe..

Byggjer meir

Det fyrste av tre bygg kan huse 10 born.

No arbeider Lene Tollefsen Rodegård og medarbeidarane hennar for å bygge hus nummer to. For dei treng to nye hus for å ha kapasitet til dei 24 borna barneheimen har i dag. Og det er der laurdagens arrangement kjem inn.

– Alt me får inn frå årets «Nesbyen gir tilbake» går til bygging av hus nummer to. Det håpar me er klart innan februar 2016, seier Rodegård, og håpar på minst like mykje folk som i fjor. Andeløpet med 1000 ender kan bli eit høgdepunkt. Kven har satsa på anda som kjem fyrst til mål? Men det er ikkje berre laurdag det skjer. Torsdag er det quiz der inntektene går til prosjektet. Det blir også konsertar med lokale artistar i kulturhuset.

Posted by timeforafrica 03:35 Comments (0)

(Entries 1 - 5 of 34) Page [1] 2 3 4 5 6 7 »