A Travellerspoint blog

På konferanse med Brundtland (Hallingdølen, 17.03.15)

Lene Tollefsen Rodegård og Gro Harlem Brundtland var to av foredragshaldarane under Nobels Fredsprisforums årlege konferanse i USA.

På konferanse med Gro: Lene Tollefsen Rodegård frå Nes (nummer to frå venstre) heldt foredrag under Nobel Fredsprisforums konferanse i USA. Det gjorde også Gro Harlem Brundtland

På konferanse med Gro: Lene Tollefsen Rodegård frå Nes (nummer to frå venstre) heldt foredrag under Nobel Fredsprisforums konferanse i USA. Det gjorde også Gro Harlem Brundtland

Det er ikkje berre lokalt Lene Tollefsen Rodegård haustar lovord for arbeidet for gateborn i Zimbabwe.

Det vekker også internasjonal oppsikt. Og foredraget Lene frå Rukkedalen i Nes heldt saman med Anita Svendheim i Midlands Children Hope Project under konferansen i Minneapolis i byrjinga av mars, er eit verkeleg høgdepunkt.

– Me visste nok ikkje heilt kva det var då me reiste. Men då me kom dit, skjønte me kor stort det var, seier Lene.

Stor konferanse

For på konferansen var også USAs tidlegare president frå 1977–1981 og fredsprisvinnar i 2002, Jimmy Carter saman med sin tidlegare visepresident Walter Mondale, tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland og den fredsprisvinnande organisasjonen frå 2013, OPWC.

– Det set jo standarden for å seie det slik, seier Lene.

Nokon prat med Brundtland eller Carter vart det ikkje høve til. Men det viktigaste var likevel å formidle bodskapen til tilhøyrarane om gateborna dei hjelper og barneheimen dei bygger i ein landsby i Zimbabwe.

– Det gjekk bra, men me var mildt sagt nervøse før presentasjonen vår. Når det enda med ståande applaus, var det ekstra artig, fortel Lene.

Held tidsplanen

Opphaldet i Minneapolis gjev ny inspirasjon til å halde trøkket oppe i arbeidet med barneheimen i Zimbabwe.

For det er eit tidkrevjande arbeid. Men utbygginga går nokolunde etter planen.

– Det går bra. Rundt det som skal bli barneheimen blir det no bygd ein mur. I løpet av mars skal den vere ferdig. Men alt blir gjort for hand, så det tek tid. Når muren er ferdig, startar arbeidet med det fyrste huset, seier Lene.

Ho står bak to innsamlingsaksjonar i Nes som gav 250.000 kroner til prosjektet. I USA vart det fylt på 23.000 etter ei innsamling under ein større middag.

– Det kostar rundt 300.000 å bygge eitt hus, pluss noko meir. Me har nok til det no. Det går sakte, men sikkert framover, seier Lene Tollefsen Rodegård.

Posted by timeforafrica 09:28

Email this entryFacebookStumbleUpon

Table of contents

Be the first to comment on this entry.

Comments on this blog entry are now closed to non-Travellerspoint members. You can still leave a comment if you are a member of Travellerspoint.

Enter your Travellerspoint login details below

( What's this? )

If you aren't a member of Travellerspoint yet, you can join for free.

Join Travellerspoint