A Travellerspoint blog

Støttar Rodegård (Hallingdølen, 09.06.15)

Lene Tollefsen Rodegård frå Nes arbeider stadig for gatebarna i Zimbabwe. No får dei også draghjelp av Bono.

Støttar: Bono er artist og frontfigur i U2. No støttar han prosjektet til Lene Tollefsen Rodegård og Midlands Children Hope Project i Zimbabwe.

Støttar: Bono er artist og frontfigur i U2. No støttar han prosjektet til Lene Tollefsen Rodegård og Midlands Children Hope Project i Zimbabwe.

Med sine umiskjennelege briller er frontfiguren i den irske gruppa U2 med på kampanjen #MayWave som Midlands Children Hope Project sette i gang i mai.

Målet med kampanjen er å samle inn 100.000 kroner til ein ny barneheim i byen Gweru. Via Facebook har folk vorte utfordra til å sende inn eit bilete av seg sjølv og samstundes donere pengar. No manglar Lene og dei andre i underkant av 10.000 kroner før dei er i mål.

Verdskjend
Det var i slutten av forrige veke det plutseleg tikka inn eit bilete av ein mann som skilde seg ut.

Forutan å vere frontfigur i eit band som har seld meir enn 170 millionar plater, har Bono gjennom fleire år også vore aktiv i bistandsarbeid til Afrika gjennom fleire prosjekt. Han har også vore med og organisert fleire støttekonsertar som Live 8 i 2005. Lene Tollefsen Rodegård og hennar kollegaer visste sjølvsagt om Bonos engasjement for Afrika. Ei melding vart send til artisten via Facebook.

– Me sende ei melding til han og fortalde om prosjektet vårt, seier Lene som er prosjektkoordinator i Midlands Children Hope Project.

Ho seier gleda var stor då biletet tikka inn.

– Bruk biletet som de vil, var meldinga me fekk tilbake, seier ho fornøgd.

– Korleis nyttar de biletet?

– Me prøver jo å bruke dette så godt me kan i marknadsføringa. Dei fleste kjenner Bono, Men det har nok teke meir av i Storbritannia. Han er større der enn her.

Overraskande melding
Hovudårsaka til at kampanjen vart sett i gang i mai var ei overraskande melding frå zimbabwiske styresmakter.

I april gav dei beskjed om at dagens barneheim ikkje held påkravd standard og ville bli stengd frå august. Dermed måtte Lene Tollefsen Rodegård og Midlands Children Hope Prosject byte om på planane. Opphavleg skulle dei bygge ein ny barneheim for jenter fyrst.

– No bygger me for gutane fyrst. Det er ikkje noko alternativ å sende dei på gata i august, seier Lene.

Når prosjektet er realisert, skal den nye barneheimen ha plass til 60 gatebarn. Pengane dei har samla inn i kampanjen skal brukast til vatn, møbel og andre krav styresmaktene sett til bygningane.

– Det er mykje som skal gjerast og det går aldri som me planlegg, seier Lene.
Står på: Lene Tollefsen Rodegård er prosjektkoordinator i Midlands Children Hope Project. Dei arbeider for å bygge ein ny barneheim i Gweru i Zimbabwe.

Står på: Lene Tollefsen Rodegård er prosjektkoordinator i Midlands Children Hope Project. Dei arbeider for å bygge ein ny barneheim i Gweru i Zimbabwe.

Ny innsamlingsaksjon
Ho er student i tillegg til å vere prosjektkoordinator i Midlands Children Hope Project.

I august reknar ho med å ta turen til Zimbabwe for å sjå korleis prosjektet ligg an. Sakte, men sikkert går det framover.

– Gjerdet rundt tomta er ferdig. Me har starta klargjeringa for byggestart for det fyrste huset, seier Lene som i løpet av snaue to år har stått i spissen for to store innsamlingsaksjonar til barneheimprosjektet som berre i Nes har skuffa inn 250.000 kroner. Til hausten planlegg ho ein ny.

– 12. september blir det nytt arrangement i flaumparken. Då blir det andeløp som i fjor, men denne gongen skal me ha 1000 ender.

Posted by timeforafrica 01:16

Email this entryFacebookStumbleUpon

Table of contents

Be the first to comment on this entry.

Comments on this blog entry are now closed to non-Travellerspoint members. You can still leave a comment if you are a member of Travellerspoint.

Enter your Travellerspoint login details below

( What's this? )

If you aren't a member of Travellerspoint yet, you can join for free.

Join Travellerspoint