A Travellerspoint blog

Konsert gjorde barneheim ferdig (Hallingdølen, 06.09.16)

Andeløp og velgjerdskonsertar i Nes har resultert i ein barneheim for ti gatebarn i Zimbabwe. Lene Tollefsen Rodegård gir seg ikkje med det

Suksess: Tonje Bentehaugen har laga Nesbyen-skiltet som snart vil bli montert på den første ferdigstilte barneheimen i Zimbabwe. Lene Tollefsen Rodegård held i både prosjektet og mikrofonen. (Foto: Lars Olav Renslo)

Suksess: Tonje Bentehaugen har laga Nesbyen-skiltet som snart vil bli montert på den første ferdigstilte barneheimen i Zimbabwe. Lene Tollefsen Rodegård held i både prosjektet og mikrofonen. (Foto: Lars Olav Renslo)

«Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt». Dette er mottoet til sjukepleiar Lene Rodegård Tollefsen som for fjerde gong arrangerte konsert i heimbygda i helga (sjå eigen sak). Inntektene går uavkorta til Midlands Children Hope Project. I helga kom det inn over 140.000 kroner.

– Med pengane frå folk i Nes har me bygt ein heil barneheim, seier ho, entusiastisk. Den første barneheimen får også namnet «Nesbyen».

Barneheim i Zimbabwe
Ho sit sjølv i styret for prosjektet. Målet er å reise seks bygg for å gi husly for kring 60 gatebarn i byen Gweru i Zimbabwe.

Landet, som ein gong var eit av Afrikas rikaste, har store utfordringar etter mange år med vanstyre. Av 15 millionar menneske lever 72 prosent under nasjonal fattigdomsgrense. 25 prosent lever i slummen, viser tal frå FN-sambandet.

Til ein pris på kring 600.000 kroner kan ein få reist eit bygg med plass til ti born. På fire år har givarlystne nesningar gjort nettopp dette.

– Eg er veldig fornøgd og takksam for at folk stiller opp, år etter år.

Det stoppar ikkje med dette. Neste år er det femårsjubileum.
Rekord: Det vart samla inn vel 140.000 kroner på Nes i helga. Pengane går til Midlands Children Hope Project. Frå høgre, konferansier Jan-Eirik «Jansen» Thorberg, Anja Tollefsen Rodegård, initiativtakar Lene Tollefsen Rodegård og Elisabet Lerskallen.

Rekord: Det vart samla inn vel 140.000 kroner på Nes i helga. Pengane går til Midlands Children Hope Project. Frå høgre, konferansier Jan-Eirik «Jansen» Thorberg, Anja Tollefsen Rodegård, initiativtakar Lene Tollefsen Rodegård og Elisabet Lerskallen.

Tilfeldig engasjement
Det er litt tilfeldig. Sjukepleiaren skulle eigentleg til New York, men før ho kom så langt snubla ho over frivillig arbeid på ein sjukehus i Zimbabwe.

– Å redde helsevesenet var litt ambisiøst, men så såg eg ein barneheim og alt det eg kunne gjere med berre 10.000 kroner, seier ho.

Det vart starten på eit nytt kapittel.

– Eg hadde aldri sett for meg at eg skulle drive med dette, seier ho som no også har ein bachelor i Afrika-studiar på CV-en.

Passerte på ny hundre tusen
Etter fire år med konsertar i heimbygda begynner det å gå på skjener. Alle som er med stiller opp gratis.

– Eg er ikkje like stressa som før. Det går meir av seg sjølv no.

Sundag gjekk med til å skysse artistar heim, og telje pengar. Eit overslag synte vel 140.000 kroner. Det inkluderer blant anna 57.000 kroner frå andeløpet i Rukkedøla, 20.000 kroner i gåve frå Lions club, 10.000 kroner i gåve frå Nes kommune og 15.000 kroner i billettinntekter frå hundre betalande på konserten. I tillegg resulterte ein konsert i samband med Per Arne Mathismoen sitt 50-årslag i ei gåve på vel 21.000 kroner. Til saman gir det vel 160.000 kroner frå Nes, på få veker.

– Det er sinnssjukt. Neste år, når me har femårsjubileum, håpar me på full sal, seier ho og minner om kor lett det eigentleg er å gjere ein skilnad.

– Eg får det ikkje verre av å gi 200 kroner i månaden. Det er eigentleg det nesningane har gjort.

I månadsskiftet september/oktober reiser Lene Tollefsen Rodegård på ny til Zimbabwe, denne gongen saman med «Ingeniører uten grenser». Ein går snart i gang med planar om å starte på hus nummer to.

Snart vil Nesbyen-skiltet også kome på plass. Med Nesbyen- namnet i Zimbabwe, kan det kanskje også bli nye varmerekordar.

==For full musikk til halv sal==
Dei fekk mykje for pengane dei kring hundre som hadde benka seg i Kulturhuset Banken på Nes laurdag.

Maintime: (f.v. Magnus Hanserud, Monika Engeseth, Sarah Sandanbråten og Emilia Brekke Everett) leverte godt under konserten til inntekt for prosjektet som byggjer barneheimar i Zimbabwe.

Maintime: (f.v. Magnus Hanserud, Monika Engeseth, Sarah Sandanbråten og Emilia Brekke Everett) leverte godt under konserten til inntekt for prosjektet som byggjer barneheimar i Zimbabwe.


Jimu Makurumbandi frå Zimbabwe var ein av mange som ville bidra.

– Kva er oddsen for at nokon på Nes skulle samle inn pengar for å gjere noko for mitt heimland, seier Makurumbandi. Det er ikkje lenge sidan han starta som danselærar i den lokale kulturskulen. Han prøvde å få både litt takt og tone inn i publikum, med tradisjonell dans, Mbira-orgel og song.
Lokale rytmar: Jimu Makurumbandi er danselærar i nes kommune. Han ville gjerne også bidra og stilte med tradisjonsmusikk frå heimlandet Zimbabwe

Lokale rytmar: Jimu Makurumbandi er danselærar i nes kommune. Han ville gjerne også bidra og stilte med tradisjonsmusikk frå heimlandet Zimbabwe

Musikkinnslaga kom elles som perler på ei snor. Målfrid Breivik og Kikkan Haraldset var dei som opna ballet, med både eminent gitarspel, humor og sjølvskrive musikk.

Anita Kleppen Nilsen framførte «Shelter», ein sjølvskrive song som handlar om å gjere livet for andre betre.

– Eg veit ikkje om eg skal kalle henne jente eller dame. For meg er ho ein engel, sa konferansier Jan-Eirik Thorberg etterpå – for høvet under artistnamnet «Jansen».

Jens Bredberg, ein svensk singer/songwriter, utleverte sitt eige kjærleiksliv.

– Ein gong vart eg dumpa så hardt at eg begynte med musikk, sa han før han serverte den eine melankolien etter den andre.

Elisabet Lerskallen akkompagnerte på piano for Anja Tollefsen Rodegård med song, før bandet Maintime leverte det eine glansnummeret etter det andre. Vokalist Monika Engeseth er eit fyrverkeri på scena, men bandet er ikkje mindre spennande.

– Dette er eit fantastisk arrangement, sa bassist og korist Emilia Brekke Everett, med rette, ikkje minst på grunn av Maintime sitt bidrag.

Ein kan ta med at han som toppa konsertplakaten, rap-artisten Kristian «Sirius» Rønning, til slutt gjorde det han kunne for å løfte taket. Publikum var med, så godt dei kunne, om enn ikkje på tekstane.
Rappa gratis: Sirius, rap-artisten frå Larvik stilte også opp gratis.

Rappa gratis: Sirius, rap-artisten frå Larvik stilte også opp gratis.

Finalen var det Jenny Strandheim som stod for. Åttandeklassingen skreiv i fjor ei låt i høve FN-dagen. Laurdag vart det ein lokal miniatyrvariant av «We Are the World» og «foreinte artistar» når fleire av dei andre bidragsytarane song i lag med henne.
Saman for barneheim: «Foreinte artistar» til inntekt for Midlands Children Hope Project. Jenny Strandheim (i midten) framfører ein sjølvlaga song, med støtte frå ei rekkje andre. (Foto: Tore Haraldset)

Saman for barneheim: «Foreinte artistar» til inntekt for Midlands Children Hope Project. Jenny Strandheim (i midten) framfører ein sjølvlaga song, med støtte frå ei rekkje andre. (Foto: Tore Haraldset)

Posted by timeforafrica 12:52

Email this entryFacebookStumbleUpon

Table of contents

Be the first to comment on this entry.

Comments on this blog entry are now closed to non-Travellerspoint members. You can still leave a comment if you are a member of Travellerspoint.

Enter your Travellerspoint login details below

( What's this? )

If you aren't a member of Travellerspoint yet, you can join for free.

Join Travellerspoint